![]() |
Draumen om hytte på høgfjellet er bare ein kort biltur frå
Sørlandskysten.
På Hillestadheia, 600 moh ligg nå for sal 85 solrike og usjenerte
tomter på 1-2 mål pr tomt med heilårs bilveg, straum, vatn og
avløp, vill og vakker natur, 20 km oppkjørte skiløyper vinterstid
og skileikeanlegg for barn.
ABCenter v/Anny Grethe Hauge, tlf. 40408067
Anny.grethe.hauge@abcenter.no
Ditt næraste fjellområde
Hillestadheia ligg i Tovdal nær Hillestad Galleri. Det er det
næraste høgfjellsområdet til kystbyane. Det er så nær at du vil
bruke hytta titt og ofte sjølv om du har eit arbeidskrevjande yrke
og mange plikter heime og ute.
Tenk å kunne spenne på seg skia rett utafor hyttedøra etter ein
godtimes biltur og ta ein forfriskande skitur i ekte høgfjell.
Eller freiste auren i vatna i hyttefeltet ein vårleg fredagskveld.
Det er ein god slutt på arbeidsveka og ein fin helgestart.
Hyttetomtene ligg spreid i terrenget. Kvar tomt er på 1-2 mål, ligg
usjenert, solrikt og med utsyn. Det vert bygd fellesareal med
bossbu, gjesteparkering og skileikanlegg. Privat heilårsveg til
felles P-plass, småvegane til hyttefelta får bom som kan låsast.
Sjølv om det er straum til kvar hytte, vert det ikkje
vegbelysning.
Miljø, komfort og villmark
Kombinasjonen komfort og naturer kjenneteikn på Hillestadheia. Her
er det lagt vekt på høg standard
i eit naturområde med høg vernefaktor. Derfor er inngrepa i naturen
små. Eige vassverk og naturbasert reinseanlegg som resirkulerer
avfallstoffa, hindrar forureining av vassdraga.
Last ned prospekt >
Vinter og vår
Hillestadheia ligg på omlag 600 meter over havet i eit av dei
snøsikraste områdane nær kysten. Hyttefeltet er planlagt slik at
kvar tomt har utsyn og godt med areal mot nabotomtene. Det vert
heilårs bilveg fram til kvar tomt, og om vinteren vert det køyrd
opp ca. 20 km merka skiløyper lagt til rette for både turgåarar og
mosjonistar.
På Hillestadheia får du føling med skikkeleg
villmark. I liene kan du skremme opp tiur og røy, og i
fjellbjørkeskogen og på snaufjellet kan du sjå rype og orrfugl. Når
vårsola smeltar snø og is, dukkar sildrande bekkar fram, og i små
og store vatn sprett auren.
Sommar og haust
At vinteren er flott på Hillestadheia er sikkert og visst. Men
sommaren og hausten byr óg på flotte naturopplevingar. Hyttefeltet
ligg i terreng med tiur og elg, og i alle vatna, i og i nær
hyttefeltet, er det aure. Har du fiskekort og fiskelukke, kan du få
aure på opp mot kiloen. Hillestadgalleriet er ein institusjon for
kunst- og kulturinteresserte. Heilt sidan starten har galleriet
vore eit populært turmål for folk frå Agder og Telemark både store
og små. På tunet er det leikepark for barn og inne er det kafé og
utsal.
Last ned prospekt >
Høgstandard hyttetomter
med heilårs bilveg til døra, straum, vatn og avlaup. Her kan du
byggje hyttedraumen din. Finare og betre tilrettelagt hyttefelt
skal du leite lenge etter.
Hillestadheia ligg på omlag 600 meter over havet.Hyttefeltet er
planlagt slik at kvar tomt har utsyn og godt med areal mot
nabotomtene. Det vert heilårs bilveg fram til kvar tomt.
1. byggetrinn
Det første byggjetrinnet har 85 tomter, kvar på 1-2 mål, delt på 3
hyttefelt.
Last ned prospekt >
Last ned oversiktskart >
Last ned tomteoversikt >
Last ned reguleringsplan for byggetrinn 1
>
Priser
Tomteprisane i første byggjetrinnet ligg mellom 300 000 og 500 000
kroner. I prisen ligg heilårsveg heilt fram til tomta, framføring
av straum, vatn og avlaup. Feltet får eige vassverk og miljøvenleg
reinseanlegg. Det vert lagt til rette for skileikanlegg til
barn.
Renovasjon og vedlikehold
Renovasjon sørgjer det interkommunale renovasjonsselskapet for.
Som hytteeigar har du bare ein grunneigar å forhalde deg til.
Utbyggaren ordnar med vegvedlikehald, brøyting og oppkøyring av
skiløyper om vinteren. Grunneigaren sørgjer for kultivering av
10-12 fiskevatn.
Last ned prospekt >
Velg di draumehytte
Du kan sjølvsagt velje den hyttetypen du likar - i
tradisjonell eller moderne stil. Hillestadheia har tett samarbeid
med lokale handverkarar. Det betyr at du kan få ei komplett pakke
med tomt og hytte nøkkelklar.
Åmli Totalbygg
bygger hytter med særpreg - skreddarsydd di tomt og dine krav. Det
er hytter med stor grad av individuell tilpassing og personleg
stil. Du kan velje enten lafta hytte eller hytte med reisverk og
kledning. Dei leverast i fleire prisklassar.
Vil du byggje sjølv eller ha hytte frå annan leverandør, er det
sjølvsagt du som bestemmer det.
Last ned prospekt >
Kontaktpersoner:
Gunnar Hillestad
Dagleg leiar
M +47 975 98085
gunnar@hillestad.no
Barbro Hillestad
Driftsleiar Feriesenter og Galleri
M +47 970 40553
barbro@hillestad.no
Inga Hillestad
Produksjonsleiar Smykker
M +47 993 64033
inga@hillestad.no
Utleigehytter: Pris pr. helg 3500 - 4500 kr
Bekkelihytta, Hillestadheia 330 >
Grånhomtoppen,
Hillestadheia 333 >
Grånhombakken,
Hillestadheia 319 >
Hillestadheia
110
Andre utleigehytter på Hillestadheia:
Novasol har fleire hytter disponible på Hillestadheia, søk på www.novasol.no
Det er ledige hytter i vinter, vinterferie og påska på
Hillestadheia i 2012.
Kontakt Hillestad for meir informasjon.
post@hillestad.no,
tlf.37 08 10 20
Åmli kommune
Link: www.amli.kommune.no
Tovdalsvassdraget
Link: www.ngo.grida.no/nv-aa/tovdalen/index.htm
Turistinfo Åmli
Link www.amli.no
Hillestadheia på facebook med oppdatert løypeinfo
Løypeinfo for Hillestadheia
På facebook er det daglege rapportar om vær- og føreforhold på Hillestadheia
2012
Ny løype er klar, "Stemmetjønn" løypa er 1,7 km i flatt terreng, går sør for Grånhomløypa.
2011
Det er 4 skiløyper. Kart kan du laste
ned her.
Nasvatn 6 km, kupert, fint alternativ når det er
vind og litt dårleg sikt. Gussteinheia 6 km,
ganske flat, særleg fin i godver og for trening.
Grånhommen 2 km, kupert, særleg fin for dei
minste og dei som ikkje vil gå så langt.
Storliheia 10 km, kupert, særleg fin i
godver.
Nasvatnløypa er ca. 6 km og går nordvestover ca 1
km før den delar seg og går som ei rundløype mot Nasvatn og
tilbake. Halvvegs på denne løypa går det ei løype vestover opp på
Gussteinheia. Denne løypa går bratt opp ca. 500 m
og deler seg og går som ei rundløype på eit relativt flatt
fjellplatå. Gussteinheiløypa er ca. 6 km, kjempefin utsikt.
Grånhomløypa går mot aust og ca. 2 km og er ei
fin løype rundt i hyttefeltet. Den vesle lafta hytta halvvegs i
løypa er Grånhombua og her stod det ei gammal jakthytte før. Løypa
følger Storliheiløypa 500 m, hvis ein startar med å gå
nordaust.
Storliheiløypa går mot nordaust ca. 3 km opp til
Storliheia + ca. 5 km rundløype på Storliheia. Frå denne løypa kan
ein ta ein liten avstikkar opp på Lindeknuten (Betonghuset
tilhøyrer Forsvaret) og skrive seg i gjesteboka som ligg i
postkassa ved varden. Det er Gjøvdal som er neste dal og mot sør
ser ein havet.
Det er ikkje merka ute i løypene, men alle
løypene går tilbake til parkeringa.
Løyperetninga kan den enkelte bestemme sjølv, vis hensyn.
Husk å ta med all søppel tilbake.
Klikk her for å sjå vêret på Hillestadheia