![]() |
Tett attmed det vakre Tveitvatnet ligg seks nye, luksuriøse og
romslege feriehus på 180 kvm. Alle med 5 soverom, kjøkken, stue
m/peis, loftstue, bassengrom med eit basseng på 15 kvm,
motstrømsanlegg og eit barnebasseng. I alle husa er det også sauna,
2 bad og boblebad.
Alle hyttene er renoverte i løpet av 2009/2010.
Til kvart hus høyrer eigen båt til fri bruk for leigarane. Fisken
vaker nokre meter frå feriehuset og er du heldig, kan du få ørretar
opp til 1 kg på kroken. Her vil også barna trives. I tillegg til
bassengrommet som heilt sikkert blir favoritten, kan dei bade ute
på ei eigen barnevennleg sandstrand.

Prisar 2012 pr. veke inkl. reingjering
08.01 - 10.02 kr. 6635
10.02 - 04.03 kr. 8265
04.03 - 30.03 kr. 6635
30.03 - 15.04 kr. 9890
15.04 - 27.05 kr. 6635
27.05 - 17.06 kr. 8265
17.06 - 06.07 kr. 9350
06.07 - 15.07 kr. 12065
15.07 - 29.07 kr. 12610
29.07 - 12.08 kr. 12065
12.08 - 19.08 kr. 9350
19.08 - 26.08 kr. 8265
26.08 - 23.12 kr. 6635
23.12 - 30.12 kr. 8265
30.12 - 01.01.13 kr. 6700
Helgepris er kr. 4.700 inkl. sluttreingjering
Langhelg (+eit ekstra døgn) kr. 5.200 inkl. sluttreingjering.
Midtveke (mandag - torsdag) kr. 4450 inkl. sluttreingjering.
Vekedagar kr. 2600 for første døgn, kr. 1000 for påfølgande døgn inkl. sluttreingj.
Leige av sengetøy og handklede kr. 125 pr pers. Oppreiing + kr. 25
Straum kjem i tillegg kr. 2.00 pr kw/t etter avlesing på eigen målar.
Kurs/konferanse be om tilbud.
PRis inkl. mva.
Hillestad ligg i Tovdal, Åmli kommune i Aust-Agder. Det er ei
lita bygd mellom Setesdal og Telemark med Tovdalselva som renn
gjennom heile dalen og munnar ut i Topdalsfjorden ved Kristiansand.
Det er vanlegvis stabile vinterforhold og varme somrar.

Avstandar
Arendal 70 km
Kristiansand 90 km
Oslo 300 km.
Nærmaste togstasjon er Nelaug på Sørlandsbanen 45 km
Åmli sentrum 30 km.
Butikk
I Tovdal er det daglegvareforretning og i Åmli finn ein
bensinstasjon, bank, post, bibliotek osv.
Vilt og fiske
I elva er det er godt med fisk, ørret, eller aure som vi seier.
Fiskekort kan kjøpast på Hillestad galleri og i
daglegvareforretninga. Det er mykje elg og rådyr i skogen, bever i
elva. Like ved er det fleire beverhus.
Tovdal Kyrkje
Tovdal kyrkje ligg like ved galleriet. Den blei bygd i 1820 og
mange kjenner til dei heftige diskusjonane som var på 1960 - talet
om fargen. Nå er kyrkja kvit og det er gudstenester ca. 4 gonger i
året.
Turistinformasjon
Ved galleriet heng kommunens turistinformasjons-kart.
Turstiar
På galleriet kan du få kart og tips om turstiar, både enkle og
strabasiøse turar.
Lavo
Lavvo med plass til om lag 30 personar til sosiale samankomstar/
grilling/, stor flyttbar grill er også tilgjengeleg.
Kurs og konferanse
Eige kurslokale like ved galleriet, trådlaust internettsamband.
Ring og be om tilbud.
Servering
På galleriet kan vi ta imot grupper både på dagtid og kveld, alle
rettar, ring for bestilling.
Hillestad ligg i naturskjønne omgivnader, langsmed den freda
Tovdalselva og med fjell på begge sider som strekker seg opp mot
860 m.o.h. Frå hyttene er det ein liten spasertur opp til
galleriet. Frå galleriet kan ein ta turen opp til Lindeknuten som
er høgaste fjelltoppen i området. Du kan ta turen til lavvoen forbi
fleire beverhus og vidare den nye vegen opp på Hillestadheia. Her
er det turstiar og preparerte skiløyper.
Rukanfossen er eit populært utfartsområdet. Du må køyre 11 km til
fylkesvegen sluttar og deretter gå ein time langs Tovdalselva til
du kjem til Årdalen naturreservat der fossen ligg.
Tovdal kyrkje ligg like ved galleriet. Den blei bygd i 1820 og
mange kjenner til dei heftige diskusjonane som var på 1960 - talet
om fargen. Nå er kyrkja kvit og det er gudstenester ca. 4 gonger i
året.
I Åmli sentrum kan du gå på Elvarheim museum, som har ei flott
permanent utstilling av fangstkulturen i kommunen.
Ein tur på Trogefjell vis a vis museet er også vel verdt eit besøk
for den som vil gå litt. Kjempeflott utsikt. I Åmli er det
kafe/restaurang, Åmfoss kafe i sentrum og PanGarden, litt sør for
sentrum, med flott tømmerfløtingsanlegg for barn.
Tett attmed det vakre Tveitvatnet ligg seks nye, luksuriøse og
romslege feriehus på 180 kvm. Alle med 5 soverom, 10 sengeplassar,
kjøkken, stue m/peis, loftstue, bassengrom med eit basseng på 15
kvm, motstrømsanlegg og eit barnebasseng. I alle husa er det
også sauna, 2 bad og boblebad.
Til kvart hus høyrer eigen båt til fri bruk for leigarane. Fisken
vakar nokre meter frå feriehuset og er du heldig, kan du få aurar
opp til 1 kg på kroken. Her vil også barna trives. I tillegg til
bassengrommet som heilt sikkert blir favoritten, kan dei bade ute
på ei eiga barnevennleg sandstrand.
