Skiløypene

Løypeinfo for Hillestadheia

På facebook er det daglege rapportar om vær- og føreforhold på Hillestadheia

2012

Ny løype er klar, "Stemmetjønn" løypa er 1,7 km i flatt terreng, går sør for Grånhomløypa.

2011
Det er 4 skiløyper. Kart kan du laste ned her.

Nasvatn 6 km, kupert, fint alternativ når det er vind og litt dårleg sikt. Gussteinheia 6 km, ganske flat, særleg fin i godver og for trening.

Grånhommen 2 km, kupert, særleg fin for dei minste og dei som ikkje vil gå så langt. Storliheia 10 km, kupert, særleg fin i godver.

Nasvatnløypa er ca. 6 km og går nordvestover ca 1 km før den delar seg og går som ei rundløype mot Nasvatn og tilbake. Halvvegs på denne løypa går det ei løype vestover opp på Gussteinheia. Denne løypa går bratt opp ca. 500 m og deler seg og går som ei rundløype på eit relativt flatt fjellplatå. Gussteinheiløypa er ca. 6 km, kjempefin utsikt.

Grånhomløypa går mot aust og ca. 2 km og er ei fin løype rundt i hyttefeltet. Den vesle lafta hytta halvvegs i løypa er Grånhombua og her stod det ei gammal jakthytte før. Løypa følger Storliheiløypa 500 m, hvis ein startar med å gå nordaust.

Storliheiløypa går mot nordaust ca. 3 km opp til Storliheia + ca. 5 km rundløype på Storliheia. Frå denne løypa kan ein ta ein liten avstikkar opp på Lindeknuten (Betonghuset tilhøyrer Forsvaret) og skrive seg i gjesteboka som ligg i postkassa ved varden. Det er Gjøvdal som er neste dal og mot sør ser ein havet.

Det er ikkje merka ute i løypene, men alle løypene går tilbake til parkeringa.
Løyperetninga kan den enkelte bestemme sjølv, vis hensyn.

Husk å ta med all søppel tilbake.

Klikk her for å sjå vêret på Hillestadheia