Vinter og vår
Hillestadheia ligg på omlag 600 meter over havet i eit av dei
snøsikraste områdane nær kysten. Hyttefeltet er planlagt slik at
kvar tomt har utsyn og godt med areal mot nabotomtene. Det vert
heilårs bilveg fram til kvar tomt, og om vinteren vert det køyrd
opp ca. 20 km merka skiløyper lagt til rette for både turgåarar og
mosjonistar.
På Hillestadheia får du føling med skikkeleg
villmark. I liene kan du skremme opp tiur og røy, og i
fjellbjørkeskogen og på snaufjellet kan du sjå rype og orrfugl. Når
vårsola smeltar snø og is, dukkar sildrande bekkar fram, og i små
og store vatn sprett auren.
Sommar og haust
At vinteren er flott på Hillestadheia er sikkert og visst. Men
sommaren og hausten byr óg på flotte naturopplevingar. Hyttefeltet
ligg i terreng med tiur og elg, og i alle vatna, i og i nær
hyttefeltet, er det aure. Har du fiskekort og fiskelukke, kan du få
aure på opp mot kiloen. Hillestadgalleriet er ein institusjon for
kunst- og kulturinteresserte. Heilt sidan starten har galleriet
vore eit populært turmål for folk frå Agder og Telemark både store
og små. På tunet er det leikepark for barn og inne er det kafé og
utsal.
Last ned prospekt >