![]() |
Hillestad ligg i naturskjønne omgivnader, langsmed den freda
Tovdalselva og med fjell på begge sider som strekker seg opp mot
860 m.o.h. Frå hyttene er det ein liten spasertur opp til
galleriet. Frå galleriet kan ein ta turen opp til Lindeknuten som
er høgaste fjelltoppen i området. Du kan ta turen til beverparken,
forbi fleire beverhus og vidare den nye vegen opp på Hillestadheia.
Her er det turstiar og preparerte skiløyper.
Rukanfossen er eit populært utfartsområdet. Du må køyre 11 km til
fylkesvegen sluttar og deretter gå ein time langs Tovdalselva til
du kjem til Årdalen naturreservat der fossen ligg.
Tovdal kyrkje ligg like ved galleriet. Den blei bygd i 1820 og
mange kjenner til dei heftige diskusjonane som var på 1960 - talet
om fargen. Nå er kyrkja kvit og det er gudstenester ca. 4 gonger i
året.
I Åmli sentrum kan du gå på Elvarheim museum, som har ei flott
permanent utstilling av fangstkulturen i kommunen.
Ein tur på Trogefjell vis a vis museet er også vel verdt eit besøk
for den som vil gå litt. Kjempeflott utsikt. I Åmli er det
kafe/restaurang, Åmfoss kafe i sentrum og PanGarden, litt sør for
sentrum, med flott tømmerfløtingsanlegg for barn.