![]() |
Hillestad ligg i Tovdal, Åmli kommune i Aust-Agder. Det er ei
lita bygd mellom Setesdal og Telemark med Tovdalselva som renn
gjennom heile dalen og munnar ut i Topdalsfjorden ved Kristiansand.
Det er vanlegvis stabile vinterforhold og varme somrar.

Avstandar
Arendal 70 km
Kristiansand 90 km
Oslo 300 km.
Nærmaste togstasjon er Nelaug på Sørlandsbanen 45 km
Åmli sentrum 30 km.
Butikk
I Tovdal er det daglegvareforretning og i Åmli finn ein
bensinstasjon, bank, post, bibliotek osv.
Vilt og fiske
I elva er det er godt med fisk, ørret, eller aure som vi seier.
Fiskekort kan kjøpast på Hillestad galleri og i
daglegvareforretninga. Det er mykje elg og rådyr i skogen, bever i
elva. Like ved er det fleire beverhus.
Tovdal Kyrkje
Tovdal kyrkje ligg like ved galleriet. Den blei bygd i 1820 og
mange kjenner til dei heftige diskusjonane som var på 1960 - talet
om fargen. Nå er kyrkja kvit og det er gudstenester ca. 4 gonger i
året.
Turistinformasjon
Ved galleriet heng kommunens turistinformasjons-kart.
Turstiar
På galleriet kan du få kart og tips om turstiar, både enkle og
strabasiøse turar.
Grill. Stor flyttbar grill er til disposisjon for
større grupper.
Kurs og konferanse: Eige kurslokale like ved
galleriet, trådlaust internettsamband. Ring og be om tilbud.
Servering
På galleriet kan vi ta imot grupper både på dagtid og kveld, alle
rettar, ring for bestilling.