![]() |
Tett attmed det vakre Tveitvatnet ligg seks nye, luksuriøse og
romslege feriehus på 180 kvm. Alle med 5 soverom, 10 sengeplassar,
kjøkken, stue m/peis, loftstue, bassengrom med eit basseng på 15
kvm, motstrømsanlegg og eit barnebasseng. I alle husa er det
også sauna, 2 bad og boblebad.
Til kvart hus høyrer eigen båt til fri bruk for leigarane. Fisken
vakar nokre meter frå feriehuset og er du heldig, kan du få aurar
opp til 1 kg på kroken. Her vil også barna trives. I tillegg til
bassengrommet som heilt sikkert blir favoritten, kan dei bade ute
på ei eiga barnevennleg sandstrand.
